Så du vil verve deg til imperiet? Så flott! 501st Legion har medlem over heile verda. Den norske avdelinga heiter Norwegian Garrison. Vi er ein variert og morosam gjeng som elskar Star Wars og kostymebygging.

Finse 2017. Foto: Even Ellingsen

Supporter

Stormtrooper ved en messestand
Fritidsmessa Mo i Rana 2019.
Foto: Stein-André Olsen.

Har du enno ikkje bestemt deg for eit kostyme, så kan du kanskje bli med som supporter.

Når vi er på oppdrag, så har hjelp frå supporterar. Utan dei så hadde det vorte meir utfordrande å ha oppdrag.

Ein supporter hjelper til med påkledning og mange andre oppgåver på eit arrangement.

Ein supporter er kanskje ikkje medlem av 501st endå, men får vera med på all moroa.

Ein supporter får eit innblikk i korleis vi jobbar på arrangement. I tillegg blir du kjent med oss, og vi får bli kjent med deg. Du får også sjå nærmare kva som krevst for å få ditt eige kostyme.

Ta kontakt med oss om du har spørsmål eller har lyst til å prøve deg som supporter!

Medlemskap

1. Krav for å bli medlem

For å bli medlem av 501st Legion må du oppfylle to krav:

  • Du må vere fylt 18 år.
  • Du må eige eit profesjonelt Star Wars-kostyme av ein av «dei slemme».

Det er ingen medlemsavgift eller bindingstid i 501st Legion.

Viss du bur i Noreg vil du bli medlem av Norwegian Garrison. Sjå 501st.com/members/displayUnits.php viss du bur ein annan stad for å finne ut kva for lag som er ditt nærmaste.

Vil du heller halde deg på den lyse sida av Krafta (med kostyme av jediar, rebellar, prinsesser o.l.), kan vi tipse deg om Rebel Legion Nordic Base.

2. Vel eit kostyme

På nettsidene til 501st Legion finn du Costume Referance Library (CRL). Dette er eit oversyn over alle kostyma som finst i 501st og kva som krevst for å få dei godkjent.

Tenk også gjennom dette når du skal velje deg eit kostyme:

  • Økonomi: Eit kvalitetskostyme er ei investering. Lag deg eit budsjett og finn eit kostyme som passar.
  • Praktiske ferdigheiter: Mange kostyme krev ulike ferdigheiter. Maling, sying, lærarbeid, elektronikk. Kva kan du gjere sjølv, kva må du ha hjelp til?
  • Fysisk form: Hugs at kostyma kan vere krevjande å bruke over tid. Blir du for eksempel lett varm og sliten, er kanskje ikkje eit heitt og tungt kostyme lurt,. Nokre kostyme er enklare enn andre å røre seg i.

3. Gjer førebuingar

Når du har funne eit kostyme du vil lage, så kan du melde deg inn på forumet til den aktuelle kostymeavdelinga, kjent som eit Detachment. Her vil du få byggeråd, hjelp og tips, samt får kontakt med andre kostymebyggarar som kan hjelpe deg med å lage delar du treng.

Ta deg tid, gjer undersøkingar. Det er halve arbeidet.

Ver varsam når du kjem så langt at du vil kjøpe delar og hjelp frå andre kostymebyggarar. Vi vil generelt åtvare mot å handle delar frå marknadsplassar som eBay. Er du i tvil om ein del held den kvaliteten og detaljnivået 501st krev, kan du spørje på det aktuelle Detachmentet eller kontakte oss.

4. Bygg kostymet

Byggeprosessen er lærerik og spennande, men alle detaljane kan vere litt stressande. Her er nokre råd:

  • Ha CRL-dokumentet tilgjengeleg. Dette dokumentet definerer kva for detaljar som krevst for kostymet ditt.
  • Spør Detachmentet viss du står fast. Her finn du folk som har spesialisert seg på sjølv den minste detaljen på eit kostyme.
  • Les byggetrådar på foruma. Det er mykje lærerikt å finne i desse trådane. Lag gjerne din eigen! Det er gøy å sjå framgangen din.
  • Set deg mål og delmål.
  • Mål to gongar, kutt éin gong.
  • Kos deg!

5. Send inn medlemssøknad

Når kostymet ditt er ferdig, treng du å ta bilete av deg i drakta. Gjer klar minst seks bilete av deg sjølv i heilfigur:

  • Front
  • Høgre side
  • Venstre side
  • Bak
  • Posering
  • Posering utan hjelm

Viss kostymet ditt har mange detaljar, kan det vere nødvendig med fleire bilete. Alle detaljar som står oppført i CRL-dokumentet skal vere mogleg å sjå på bileta. Er ein detalj vanskeleg å sjå i heilfigur, ta eit nærbilete.

Bileta blir brukt til å vurdere drakta di. Pass difor på at du står framfor ein slett, einsfarga bakgrunn. Tenk også på kontrast. Darth Vader framfor ein mørk vegg er til dømes vanskeleg å sjå. Ta bileta i godt lys.

Fyll ut skjemaet på nettsida https://www.501st.com/members/join_form.php.

Kontaktpersonane våre vil vurdere kostymet ditt, og gje deg tilbakemelding om kostymet er godkjent eller ikkje etter 501st-standarden. Det kan hende at du får tilbakemelding om noko du må rette eller forbetre. Dette er ein heilt normal del av søknadsprosessen. Tilpass kostymet og send inn nye bilete ved behov.

6. Start troopinga

Gratulerer! Kostymet ditt har blitt godkjent og du har fått 501st-medlemsnummeret ditt. No kan du endeleg bli med på eit offisiellt arrangement – også kjent som ein troop – i drakt!

Alle arrangement i Norwegian Garrison blir annonsert på forumet, så følg med der.

Velkomen til 501st Legion!