Norwegian Garrison er den norske delen av 501st Legion.

501st Legion er ein verdsfemnande kostymeklubb som lagar særs nøyaktige kopiar av kostyma til «dei slemme» frå Star Wars-universet. Kostyma våre representerer Imperiet, Sith, smuglarar, dusørjegerar og andre «vonde» rollefigurar. Kostyma våre er av høg kvalitet, og vi freister å lage dei så tett opp mot det vi ser i filmane som det er mogleg å kome.

Photo by: Even Ellingsen

I tillegg til å skape eit nettverk av kostymebyggjarar og Star Wars-entusiastar som har det gøy saman, arbeider vi for å gjere ein forskjell i lokalmiljøa våre. Mykje av det vi driv med er til støtte for ei god sak.

Hovudfokuset til Norwegian Garrison er velgjerdsverksemd retta mot barn. Vi deltek på sjukehusbesøk, innsamlingsaksjonar og velgjerdsarrangement i draktene våre, og bidreg ved å samle inn pengar og spreie glede, kjærleik og spenning.

Vi tar òg på oss andre typar oppdrag, som bryllaup, filmpremierar, messer, bokdagar, skulebesøk m.m.

Har du lyst til å hyre oss?